Du har funne ein fin måte å konseervera epla ved å laga eplesyltetøy. Det smakar nok godt vil eg tru.
Eg har halde på med hausting av eple og plommer. Plommene har me laga til syltetøy og noko er laga til plommegraut, ein god dessert som smakar ekstra godt med fløyte til.
Eplene er ekstra gode til eplegraut, eplegrauten (også ein dessert), meiner eg smakar betre enn plommegrauten. Epledesserten vert servert med fløyte til.
Har ein mykje av denne eplegrauten går det an å frysa dette ned i beger eller annan eigna emballasje i fryseboksen.
Då har ein tilgong på god dessert og ein får konservert den store eplehausten på ein god måte.Verkeleg fine eple dette @Valth
Takk for det. Eplegrøt høres ut som en god idé. Det tror jeg at jeg skal prøve!