Hei @Siggjo
Likte spesielt godt det første bilde.
Ser her at du har fanget lyset på en god måte. Regner med at du har redigert litt på fargene i ett eller annet redigeringsprogram?
Synes også komposisjonen i bilde er bra, tenker da på engen med geiterams som rammer inn fjellet i bakgrunnen.
Godt sett og godt knipset.
Mvh
@Gyldenhorn
Mange takk @Gyldenhorn for at du tok deg tid til å kommentere bildene, både når det gjeld lyset og komposisjonen. Eg likar ôg best det første bildet. Låg kameraposisjon, som var heilt bevisst, gjer at den blomsterkledde haugen i forgrunnen dominerer over det relativt høge fjellet (Middagsfjellet) i bakgrunnen.
Slik eg minnest det er både det første og siste bildet redigert på samme måte. Biletet i midten meiner eg er meir likt originalfargen slik biletet vart fotografert. Redigeringsarbeidet er gjennomført i programmet Aperture for Mac. Det var ein tidlegare konkurrent for Adobe Lightroom, men blir ikkje utvikla vidare av Apple. Sidan eg har brukt programmet mykje og kjenner eg det og veit korleis det skal brukast. Å læra seg ny programvare krev og ein innsats. Men skal ein tru dei som omtalar slik programvare, vert dei stadig enklare å bruka. Difor vurderer eg eventuelt ny programvare når eg eingong byter ut noverande datamaskin.
Mvh
@Siggjo