You are viewing a single comment's thread from:

RE: One Bit News - Technology - Week 9

in #norway7 years ago

Eg er jo ganske so bilinteressert, og der er det mykje som skjer med sjølvkøyrande bilar etc. Toyota-sjefen sa for ei stund sidan at det kjem meir til å skje i dei neste års utvikling enn det har gjort sidan bilens opprinning. Eg tykkjer det seier litt. Utviklinga går berre fortare og fortare, men blir vi smartare og smartare av det? Det er nok kanskje ein annan diskusjon. Men for meg virkar det som at når radioen, flyet, TV kom - så var folk meir interesserte i - og fekk det meir forklart korleis denne nye teknologien virka. No om dagen kjem det nyvinningar kvar dag og bortsett frå dei som faktisk lagar tinga så har vi har ikkje snøring på korleis noko virkar. Eg veit ikkje om det er så bra :)

Sort:  

Hei @Driftnerd
Sant, det. Men hvordan kan vi sette oss inn i det?
For 100 år siden (eller 50 for den saks skyld) var teknologi basert på noe de fleste kunne forstå.
Teknologi av 2018 er ofte utviklet av team på 100vis av ingenører og selskapene som eier produktene gjør det de kan for å tåkelegge for å beskytte produktet sitt.
Bilen over kan du og jeg skru fra hverandre med ett enkelt skrujern og en skiftenøkkel. Det funker ikke på en Tesla X. :) Som en konsekvens av dette blir mange av oss redusert til forbrukere av teknologi.
Ett annet eksempel: Når jeg var liten (på 80 tallet) måtte jeg skru\programere for å få spille ett spill på computeren. Når min sønn skal spille trykker han på ett icon. Han har ingen anelse om hva som foregår bak.
Når det gjelder utviklingen i bilindustrien må jeg si jeg er spent på den første norske rettsaken hvor en bil som kjørte selv har forårsaket noe seriøst alvorlig, noe som ville ført til ubetinget fengsel om noen styrte bilen. Hvem står til ansvar da? Programereren som laget AI'en, bilprodusenten eller den som satt i?

Hilsen @erlendgroseth
For @Onebitnews

Det er heilt sant. Utviklinga går så fort, at "mannen i gata" ikkje skjønnar so mykje om andre ting enn sitt eige fagfelt og hobby.
Den rettsaka blir spennande ja, lat oss håpe den blir streama og at dei leiger inn Judge Judy til å ta saka :)

Haha. ja. Det hadde vært noe.

Vonar dei kan rulle ut dei der sjølvkøyrande bilane snart, så eg kan sleppe å ta lappen! (Sånn berre for å understreke poenget ditt om å ikkje ha snøring...)

Haha! Heilt rett @alvheid. Men trur ikkje det er samme friheitskjensla å bli køyrd rundt i ein bil, som det er å ha hendene på rattet og bestemme alt sjølv..?

Fridom er jo kva ein sjølv treng og kva ein definerer det som. For meg er fridom å sleppe å tenke på køyringa (og vedlikehaldet, og utgiftene, og å finne parkeringsplass – det er mykje eg kunne tenkt meg var automatisert). Eg blir nok ein god kunde når framtida kjem! I mellomtida er eg så gammaldags at eg går til og frå jobb på mine eigne bein. Brukar pengane eg sparer på det til å bu dyrt og sentralt! Fridomsreknestykket går sånn omtrentleg i null. Kunne ha vore verre. (: